NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!
Arrangement

Veterantreff med middag

19.7.24
19.7.24
16:00
18:00
Beklagar, vi fann ingen programpostar basert på søket ditt. Sjå heile programmet
Programpostar
Dette arrangementet er inkludert i festivalpasset 🥳
 NOK
MED pass
 NOK
UTAN pass

Møt gamle Nordlek-kjenningar. Kven har vore på flest NORDLEK-stemne?

Veterantreffet er eit fast innslag på NORDLEK. Dette er eit arrangement for deltakarar som har vore med på NORDLEK i lang tid, og som har interesse av å treffe andre som har vore med lenge. Om du er veteran eller ikkje er noko du sjølv må avgjere. På veterantreffet får du ein kort presentasjon om aktuelle saker innafor Nordlek-samarbeidet, det blir tid til å diskutere og reflektere over det som skjer og har skjedd, og til å dele minner frå tidlegare stemne. Det blir òg tid til mingling og samtaler med andre deltakarar over ein matbit.

Har du ikkje festivalpass eller dagspass for denne dagen må du kjøpe billett "UTAN pass".