NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!
Arrangement

Konsert: Kystnært - med dans

17.7.24
17.7.24
22:30
23:30
Beklagar, vi fann ingen programpostar basert på søket ditt. Sjå heile programmet
Programpostar
Dette arrangementet er inkludert i festivalpasset 🥳

Dansekonsert med kystnær musikk.

Nordisk kystmusikk

Floating Sofa Quartet & Guro Kvifte Nesheim

KYSTNÆRT er eit kunstnarisk samarbeid mellom den prisvinnande finsk-/dansk-/svenske-folkemusikkgruppa Floating Sofa Quartet og den norske fele- og hardingefelespelaren Guro Kvifte Nesheim. Du får møte fem spelmenn og -kvinner frå fire nordiske land som dykker ned i den felles musikalske tradisjonen frå dei nordiske kystregionane.

I snart ti år har Floating Sofa Quartet jobba med nordisk folkemusikk på tvers av landegrensene, og dei har markert seg som ei av dei fremste yngre gruppene på den internasjonale folkemusikkscena. Visjonen har alltid vore å løfte fram skilnadane og likskapen i dei nordiske tradisjonane, og samtidig skape musikk som både fornyar og tek vare på den norske kulturarven. Bandet mottok i 2019 ein "Danish Music Award" for albumet "Neighbourhood" og vant prisen som "Årets Folk Udgivelse".

Idéen til KYSTNÆRT-prosjektet oppstod på Folkelarm i Oslo i 2021 då bandet møtte den framifrå unge felespelaren Guro Kvifte Nesheim. I møtet med Floating Sofa Quartet blei Guro inspirert til å utforske kystmusikk-repertoaret frå Agder. Dette er eit repertoar ho har hatt med seg i heile oppveksten, men ikkje dykka ordentleg ned i tidlegare.

KYSTNÆRT-konserten tek utgangspunkt i musikken frå Agder, med avstikkarar til mellom anna Læsø, Bornholm, Bohuslän, Skåne, Østerbotten, Korpo og Åland. Musikken er instrumental og tradisjonell, men samtidig velkomande og tidlaus. I fleire tilfelle er det her snakk om migrerande musikk utan "fast adresse". Musikk som har reist vidt og breidt, og blitt forma av dei som spelte den i Skagerak, Kattegat og Østersjøen. Stig om bord og flyt med!

Det vil vere mogleg å danse på konserten for dei som vil.

Utøvarar:

  • Guro Kvifte Nesheim – fele og Hardanger d'amore
  • Mads Kjøller Henningsen – traversfløyte og nordisk sekkepipe
  • Clara Tesch - feler
  • Leija Lautamaja - torader og trøorgel
  • Malte Zeberg - kontrabass