NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!

Om NORDLEK 2024

Om festivalen og arrangørane bak

NORDLEK 2024 i Arendal vil tilby eit breitt spekter av arrangement i løpet av festival-veka for både deltakarane på festivalen, og for lokalbefolkninga. 

Det er førebels planlagt rundt 170 ulike arrangement. 

Det heile opnar med eit spektakulært opningsshow i Pollen på tysdagen med aktørar frå store delar av Norden. 

Om kveldane er det først og fremst dansefestar i ulike lokaler. På Sam Eydes Plass inviterar vi til Nordisk Meisterskap i Dansespel med finale på laurdagen.

På fredagen inviterar me dansarane til Framsyningskappleik og for dei som vil prøve seg blir det Go’kar-tevling med både hallingkast og slinkompass.

Det blir òg kurs i både dans, spel og handverk, det blir konsertar, utstillingar, utfluktar, Nordisk ball, folkelore-framsyningar, songtreff, folkemusikkafé, byvandring, buskspel og jam.

Det heile blir avslutta med eit stort festtog gjennom byen der alle deltakarane kler seg i nasjonaldrakter og bunad. Festtoget blir avslutta med ei stor nordisk  folkedansmønstring og festframsyning. 

Målet er å fylle Arendal by med musikk og dans heile veka. Vi brukar både Sam Eydes Plass, Kanalplassen, Pollen, Kulturhuset, Kulturkammeret og fleire lokale kaféar og restaurantar som
arenaer for arrangementa.

I forkant av festivalen inviterar vi til Nordisk Sommarleir for ungdom på Hove. Det blir òg lagt opp til fleire arrangement særleg retta mot barn og familiar. 

NORDLEK skal vere ein trygg festival for alle, og det blir ikkje servert alkohol på festivalen. 

NORDISK SAMARBEID

NORDLEK 2024 i Arendal er ein nordisk folkedans- og folkemusikkfestival som blir arrangert kvart 3. år på rundgang mellom dei fire største landa i Norden. Sist festivalen var i Noreg var i Steinkjer i 2012

Mellom 2000 og 2500 dansarar og musikarar frå Grønland i vest til Finland i aust deltek på festivalen. 

Stundom kjem det òg gjestar frå både Australia, USA og Canada.

Det første nordiske folkedansstemnet, forløparen til dagens NORDLEK, blei arrangert i Stockholm i 1920. Etter at det nordiske samarbeidet blei formalisert gjennom Nordlek-avtalen i 1975 har det blitt arrangert NORDLEK-festivalar kvart 3. år.

Forbundet Nordlek har i dag 19 medlemsorganisasjonar fordelt på dei fem nordiske landa og tre sjølvstyrte områda (Grønland, Færøyane og Åland). Til saman har desse organisasjonane omlag 100 000 medlemmar.

I tillegg til dei jamlege NORDLEK-festivalane blir det òg arrangert BARNLEK kvart 3. år, eit nordisk folkedans- og folkemusikk stemne for barn- og ungdom, med mellom 1000 og 1500 deltakarar i alderen 8-16 år.

Det blir òg arrangert mindre stemne som Grønlek, Havleikur (Færøyane), Isleik og Ålek.

Føremålet til Forbundet Nordlek er å sikre at den tradisjonelle folkekulturen skal få sin rette plass i det veksande nordiske kultursamarbeidet, og for at samarbeidet innan folkedans- og folkemusikkmiljøet skal få fastare former. 

Les meir på nordlek.org