NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!

Frivillig på NORDLEK

Informasjon til frivillige på NORDLEK – Bli frivillig du òg!

For at ein stor festival skal gå rundt trengs det mange gode frivillige kreftar, NORDLEK er inkje unntak.

Som frivillg på NORDLEK kan du få dagspass eller festivalpass, gratis skuleovernatting, gratis mat på skulen eller frivilligkaféen som godtgjersle. Alle frivillge får t-skjorter som synleggjer at du er ein del av arrangør-laget.

Før eller under stemnet vil alle få opplæring for sine oppgåver.

Du kan lese meir om oppgåvene og godtgjerslene lenger ned på denne sida.

Vi ser fram til å jobbe saman med deg!

Arbeidsoppgåver

Vere stemnet sin representant og ha hovudansvar for arrangementet.

Samarbeide med billett og dørvakt om innslepp m.m.

Gje nødvendige opplysningar til publikum frå scena.

Sjekke at lokalet blir rydda og ordna etter arrangement.

Ta i mot og ha kontakt med artist/grupper slik at dei får eit godt opphald og får hjelp til å følgje sitt program med lydsjekk, måltid og konsertar.

Hjelpe til med pynting av festivalen og arrangementslokala.

Svare på spørsmål frå publikum og deltakarar.

Sal av billettar, t-skjorter m.m.

Ordne, lage og servere mat og drikke til deltakarar busett på skular.

Ordne, lage og servere mat og drikke til frivillige som er i arbeid.

Opprigg og/eller nedrigg av lokale, skuler m.m.

Kan vere både i forkant, undervegs og i etterkant av festivalen.

På skulane skal det vera døgnvakt.

Vere kjent med branninstruks på skulen og syte for sikkerheit for deltakarane ved ikkje ønskja hendingar.

Sjå til at det ikkje blir brukt open eld/ levande lys inne.

Fjerne søppel.

Éin skal vera nøkkelansvarleg og signere på gjennomgått branninstruks.

Aktuelle skuler: Birkenlund, Hisøy og Stinta

Opp- og nedrigg av teknisk utstyr.

Passe på at det tekniske går etter planen under arrangement.

Frakt av personar og utstyr til/frå og undervegs i festivalen. Må ha førarkort.

Vere dørvakt / billettkontrollør.

Vere vertskap for eit arrangement.  

Vera kjent med sikkerheitsinstruks for lokalet, svare på spørsmål og hjelpe publikum ved uønskte hendingar.

Rydding av lokalet etter arrangement.  

Godtgjersle for frivillige


Alle frivillige får:

For ytterlegare godtgjersle:

1 vakt = ca. 4 timar arbeid

Om du ønskjer å ta ut øktene som dagspass/festivalpass, så blir det sendt ut eigen epost med rabattkodar innan 3 arbeidsdagar etter at du har registrert deg som frivillig. Denne brukar du i påmeldingsskjemaet slik at dagspass/festivalpass blir registrert som kr. 0,– i skjemaet.

Det er òg mogleg å gjere avtale om dugnad på vegne av lag og foreiningar direkte med Frivillignemnda. Send epost til: olesteffen@nordlek2024.no

NB! Vi er heilt avhengige av at alle frivillige møter som avtalt. Om du har henta ut dags- eller festivalpass for frivillige, men ikkje møter til avtalt tid vil du få tilsendt faktura i etterkant for billetten.