NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!

Nordisk Sommarleir

12.–16. juli 2024 – Arendal

Nordisk Sommarleir er for ungdom i alderen 13 til 26 år som vil fordjupe seg i dans, musikk, teater og/eller handverk. Dagane består av kurs på dagtid, og sosiale aktivitetar på kveldstid.

Til Nordisk Sommarleir kjem det deltakarar frå heile Norden; frå Finland i aust til Grønland i vest!

Leiren blir arrangert på Myra skule og grendehus i Arendal.

Nordisk sommarleir er for ungdom i alderen 13-26 år.

Leiren består av kurs i dans, musikk, teater og handverk.I tillegg til kursprogram legg vi stor vekt på samvær med andre ungdommar innanfor trygge rammer.

Om kveldane er det mange aktivitetar, frå dansefest til konkurransar og improkappleik der vi testar ut teatersport. Vi legg også opp til utflukt i nærområdet.

Deltakarane på leiren er i alderen 13 til 26 år. Aldersspennet blant deltakarane har vist seg å vere ein styrke for leiren og det sosiale miljøet.

Noregs Ungdomslag er ein generasjonsorganisasjon som har lange tradisjonar i å invitere til arrangement på tvers av aldrar, og har god erfaring i å la både yngre og eldre ungdommar møtast gjennom aktivitet og sosialt samvær. Dei eldste deltakarane har som oftast sjølv vore med i mange år og veit korleis det er å vere blant dei yngste. Deltakarane våre er flinke til å ta vare på kvarandre og til å inkludere alle.

Sommarleiren er eit rusfritt arrangement. Noregs Ungdomslag har bestemt at alle sentrale tilskipingar, uavhengig av målgruppe, skal vere rusfrie;

§ 2 Trygg samværskultur

1: Noregs Ungdomslag skal ha ein trygg samværskultur for alle og legge til rette for rusfrie møteplassar.

2: Alle tilskipingar på sentralt plan skal vere rusfrie.

3: Styret i Noregs Ungdomslag vedtek etiske retingslinjer som gjeld for heile organisasjonen. Styret peikar ut to verneombod.

Dette betyr at vi har ein rusfri kultur som deltakarane på Sommarleiren har respekt og forståing for, og at dei vaksne på leiren har rutine for korleis ein skal handtere eventuelle tilfelle av brot på reglane.

På nordisk sommarleir er det og mogleg å forlenge leirfølelsen ei veke ekstra. Rett etter leiren startar den nordiske festivalen NORDLEK der deltakarar får alle dei nordiska landa kjem til Arendal for dans, spel og sosialt samvær.

Alle i aldersgruppa 13-26 år er velkomne til å delta på Nordisk sommarleir. Men merk at det er litt dyrare å delta for dei som ikkje er medlem i Noregs Ungdomslag eller nokre av dei andre organisasjonane i NORDLEK-samarbeidet.

Overnatting skjer på klasserom med madrass/sovepose. Vi oppmodar deltakarar til å ta med utstyr sjølv, men leiger også ut til dei som har behov for dette.

Vi legg til rette for at ein kan bu med dei samme folka også under NORDLEK, men kan ikkje garantere samme skule.

Alle som skal delta må melde seg på via skjema her. Påmelding opnar 1. desember 2023, og har påmeldingsfrist 1. juni 2024.

Pris inkluderer kurs, utflukt, sosiale aktivitetar, mat, overnatting i klasserom 12.-16. Juli.

Medlem i Noregs Ungdomslag eller Nordlek: 2200,- NOK

Ikkje-medlemer betaler 1000,- NOK i tillegg.

Gratis festivalpass

Ungdom som deltek på nordisk sommarleir får gratis festivalpass på NORDLEK. Du må fyrst melde deg på nordisk sommarleir. I stadfestinga du får tilsendt på mail ligg det ein rabattkode som du nyttar ved påmelding til NORDLEK. Denne rabattkoden gir gratis festivalpass. Tilleggsval som overnatting, T-skjorte og konsertar må ein betale ordinær pris for.

Faktura, kort, privat/lag.

Du kan betale med kort, faktura/EHF eller Vipps (Noreg).

Faktura vil bli sendt i byrjinga av mars.