Nordisk sommarleir er for ungdom i alderen 13-26 år.
Leiren består av kurs i dans, musikk, teater og handverk.I tillegg til kursprogram legg vi stor vekt på samvær med andre ungdommar innanfor trygge rammer.
Om kveldane er det mange aktivitetar, frå dansefest til konkurransar og improkappleik der vi testar ut teatersport. Vi legg også opp til utflukt i nærområdet.
Deltakarane på leiren er i alderen 13 til 26 år. Aldersspennet blant deltakarane har vist seg å vere ein styrke for leiren og det sosiale miljøet.
Noregs Ungdomslag er ein generasjonsorganisasjon som har lange tradisjonar i å invitere til arrangement på tvers av aldrar, og har god erfaring i å la både yngre og eldre ungdommar møtast gjennom aktivitet og sosialt samvær. Dei eldste deltakarane har som oftast sjølv vore med i mange år og veit korleis det er å vere blant dei yngste. Deltakarane våre er flinke til å ta vare på kvarandre og til å inkludere alle.
Sommarleiren er eit rusfritt arrangement. Noregs Ungdomslag har bestemt at alle sentrale tilskipingar, uavhengig av målgruppe, skal vere rusfrie;
§ 2 Trygg samværskultur
1: Noregs Ungdomslag skal ha ein trygg samværskultur for alle og legge til rette for rusfrie møteplassar.
2: Alle tilskipingar på sentralt plan skal vere rusfrie.
3: Styret i Noregs Ungdomslag vedtek etiske retingslinjer som gjeld for heile organisasjonen. Styret peikar ut to verneombod.
Dette betyr at vi har ein rusfri kultur som deltakarane på Sommarleiren har respekt og forståing for, og at dei vaksne på leiren har rutine for korleis ein skal handtere eventuelle tilfelle av brot på reglane.
På nordisk sommarleir er det og mogleg å forlenge leirfølelsen ei veke ekstra. Rett etter leiren startar den nordiske festivalen NORDLEK der deltakarar får alle dei nordiska landa kjem til Arendal for dans, spel og sosialt samvær.
Alle i aldersgruppa 13-26 år er velkomne til å delta på Nordisk sommarleir. Men merk at det er litt dyrare å delta for dei som ikkje er medlem i Noregs Ungdomslag eller nokre av dei andre organisasjonane i NORDLEK-samarbeidet.