NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!

Bli partnar / sponsor

Støtt opp om NORDLEK 2024!

Sist NORDLEK blei arrangert i Noreg var i Steinkjer i 2012. Inntil då var festivalane ofte plassert i hovudstadar og andre store byar. No er erfaringa at mindre byar òg kan være profesjonelle arrangørar, og som kanskje har ein tilleggsdimensjon som spektakulær natur og kultur, korte
avstandar, intimitet eller rett og slett eit spanande reisemål.

Det er difor viktig for den lokale arrangøren, vertskommunen, den nasjonale
organisasjonen og styret i NORDLEK å få nok økonomi til ei god gjennomføring.

Vi trur at minimum 2000 deltakarar som garantert set farge og musikk til byen har ein verdi for lokalsamfunnet. Basert på ringvirkningsanalysen etter Steinkjer i 2012 reknar vi med ei lokal verdskaping på rundt 10-12 millionar kronar. 

Vi meiner at det difor bør vere interessant for fleire å bidra som sponsor på ein eller
annan måte. Det kan vere økonomisk tilskott, tilrettelegging, materiell eller liknande.

Nemnda for NORDLEK 2024 er interessert i dialog med aktuelle sponsorar og tilskottpartnar for å gjennomføre ein spekakulær festival i Arendal i 2024.

Kontakt:

FESTIVALSJEF
Edvard Lauen
edvard@nordlek2024.no
90 58 07 07
LEIAR I AUST-AGDER UNGDOMSLAG
Torgeir T. Fiane
torgeir@nordlek2024.no
47 44 69 84
ØKONOMISJEF
Inga Lauvdal
inga@nordlek2024.no
91 38 29 83