Tevlingar

Tevlingsreglar og anna nyttig info

Det blir arrangert komposisjonstevling i samband med  NORDLEK 16.-21. juli 2024 i Arendal, Norge.

Tevlingsreglar

  • Maks. ein melodi pr. deltakar
  • Melodi med akkordar
  • Evt. tempo-opplysing
  • Maks. to stemmer og maks. to sider
  • Melodien skal kunne bli brukt som samspelsmelodi under NORDLEK 2024
  • Du kan òg sende med lydfil om du vil
  • Låta kan ikkje tidlegare ha vore spelt offentleg eller vore publisert

Tema

Årets tema er VALS. Alle bidrag skal vere i valsetakt.

Innsending av tevlingsbidrag

Både notar og evt. lydfil skal sendast inn pr. epost til folkmusikkutskottet.nordlek@gmail.com. Skriv i emnefeltet «Nordlekmelodi 2024»

Notane skal du sende i to (2) eksemplar i PDF-format:

  • Heilt anonym note utan noko namn på låt eller komponist
  • Med både låtnamn og dine kontaktopplysingar

Siste frist for innsending er 31 desember 2023.

Opphavsrett

Opphavsretten til melodien blir hos komponisten.

Du må sei ifrå om komposisjonen er meldt inn til Koda (Danmark), Teosto (Finland), STEF (Island), TONO (Norge) og/eller STIM (Sverige).

Forbundet Nordlek reserverer seg retten til å bruke og publisere dei tre vinnarlåtane i Nordlek-samanheng ved å dele ut kopiar på stemnet og legge notane ut på nettsidene sine.

Dommarar

Folkemusikkutskottet i Forbundet Nordlek er dommarar. Sjå kontaktlista under.

Premiering

Første, andre og tredjeplass i tevlinga får gratis gjennomgangsbillett til NORDLEK 2024 og skuleovernatting.

Vinnarane blir offentleggjort i april 2024.

Spørsmål? Ta kontakt!

Helen Eriksson, Sverige
musiclovers.sh@outlook.com
+46 70 541 78 72

Linnea Holmberg, Finland
linnea1975.lh@gmail.com
+358 40 558 2075

Arne Møller, Danmark
arne@miller2.dk
+45 20 33 27 38

Nina Byttingsmyr, Noreg
nina.byttingsmyr@outlook.com
+47 47 37 29 07

På hovudarenaen vår, Sam Eydes plass, blir det Nordisk meisterskap i dansespel kvar kveld gjennom heile festivalen.

Onsdag til fredag er det kvalifiseringar, og på laurdag blir det finale.

Gruppene skal spele til dans for eit nordisk publikum, og bør ha eit repetoar tilpassa målgruppa.

Meir informasjon om reglar og påmelding kjem.

Framsyningskappleiken er ei tevling for dansegrupper. Dei skal konkurrere i å lage den beste framsyninga av folkedans. Det blir gitt premiarar av både eit dommarpanel og ein folkejury

Tevlingsreglar

  • Minst 4 deltakarar (dansarar + musikarar)
  • Maks 12 minutt
  • Programmet skal fortelje noko om laget eller det lokalmiljøet gruppa kjem frå
  • Skal omfatte minst to ulike danseformar (eks. pardans+ringdans, rekkedans+songdans e.l.)
  • Dansane og musikken må tilhøyre nordisk tradisjon
  • Det er lov med anna innhald enn berre dans og musikk, anten som ramme eller innslag

Dommarane legg vekt på

  • innhaldet
  • dansekompetansen til utøvarane
  • naturleg danseglede i framsyninga
  • om framsyninga har eit klart mål
  • korleis gruppa bruker scena

Premiering

  • dei tre beste laga blir rangert
  • dommarane kan dele ut prisar til program som inneheld presentasjonar utover det vanlege, t.d. beste innslag frå barn, beste songinnslag, mest kreative musikkinnslag e.l.
  • dommarane gjev ei samla skriftleg dommarvurdering av tevlinga, med ein kort kommentar til kvar gruppe
  • ei tilfeldig utvald folkejury blir plukka ut til å kunne røyste på sin favoritt, og innslaget som får flest røyster vinn publikumsprisen.

Go'kar-tevling (go' kar er dialekt for god/sprek/flink kar) er ei uformell, men prestisjetung, tevling for go'karar og go'kvinner i alle aldre. Det blir fleire mindre tevlingar i m.a. hattespark, strekke kalveskinn og slinkompass. Meir konkret info om tevlinga kjem etterkvart.