NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!

Reise og transport

Informasjon om transport under stemnet
og reise til og frå Arendal.

Transport under stemnet

Heile stemnet foregår i Arendal sentrum med gangavstand mellom arrangementa.

For utflukter står det nærmare informasjon på arrangementet om det er henting med buss eller båt, og kor de skal møte.

Last ned AKT-appen

For dei som skal bruke buss kvar dag under NORDLEK rår vi til å kjøpe 7-dagars billett for Arendal.  Det enklaste er å laste ned appen AKT Billett og kjøpe billetten der.

Du kan gjerne gjere dette før du kjem til Arendal, men hugs å sette at billetten starter den dagen du kjem til Arendal. Då har du billett frå du kjem med ekspressbuss eller tog. Billetten kostar NOK 151 for ungdom 6-17 år og for honnør 67 og eldre. For vaksne 18-66 år kostar billetten NOK 301.  

Appen er diverre bare på norsk, og treng du hjelp kan du vende deg til festivalkontoret eller turistinformasjonen når du kjem fram.

Stinta skule

Ligg ca. 900m frå sentrum. Gangavstand. Sjå rute i Google-maps her.

Birkenlund skule

Ligg ca. 2,2km frå sentrum. Gangavstand. Sjå rute i Google-maps her.

Nærmaste busshaldeplassar er Birkenlund og Havstad øst. Sjå www.akt.no for rutetider.

Reise til Arendal

Tog

Det går tog til Arendal stasjon. Les meir om rutetider og prisar på www.entur.no.

Buss

Det går ekspressbussar til Harebakken bussterminal frå Kristiansand, Stavanger, Oslo m.m. Frå Harebakken går det lokalbuss inn til Arendal sentrum.

Les meir om rutetider og prisar på www.entur.no.

Andre lenker:

Agder Kollektivtrafikk (lokalbuss)

Nor-way (ekspressbuss)

Vy buss(ekspressbuss)

fly

Nærmaste flyplass er Kristiansand lufthavn Kjevik (KRS). Herfrå må du ta buss til Kristiansand (lokalrute 35) og byte til tog eller buss (lokalrute 100). Meir informasjon finn du her.

Alternativt kan du fly til Sandefjord lufthavn Torp (TRF). Herfrå må du ta buss til Fokserød for å ta ekspressbuss vidare.

For veldig mange vil det vere enklare å fly til Oslo lufthavn Gardermoen (OSL). Herfrå går det tog til Oslo kor du kan byte til tog eller ekspressbuss.

båt

Du kan ta bilferje frå Danmark eller Sverige, eller du kan seile din eigen båt heilt inn til Arendal.

Bilferjer:

  • Hirtshals – Kristisand (Color Line og Fjord Line)
  • Hirtshal – Larvik (Color Line)
  • Strömstad – Sandefjord (Color Line)

Har du eigen båt kan du seile heilt inn til Arendal Havn.

bil

I fjella rundt sentrum av Arendal ligg det fire parkeringshus. Det er gangavstand frå alle p-husa til alt som skjer på stemnet.

  • Torvet p-hus: Innkøyring ved Jernbanestasjonen, ca. 460 plassar
  • Pollen p-hus: Innkøyring i krysset Kystveien/Skytebaneveien, ca. 750 plassar
  • P-hus Vest (ved Alti Arendal): Innkøyring ved Vestre gate 11, ved Vesterveien 4 og på Myrene ved Shell/Kiwi, ca. 750 plassar
  • Tyholmen p-hus: Innkøyring frå Kittelsbukt, 240 plassar

Maks. høyde er 2,1 m (P-hus Vest 2,2, m. Torvet p-hus har fem plasser for biler med høyde over 2,1 m.).

Les meir om parkering i Arendal her.