NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!
Arrangement

Aktivitetsrom for barn og familiar

19.7.24
19.7.24
10:00
15:00
Beklagar, vi fann ingen programpostar basert på søket ditt. Sjå heile programmet
Programpostar
Dette arrangementet er inkludert i festivalpasset 🥳

Rom fylt med leia aktiviteter for barn. Eige program.

Torsdag og fredag er det full aktivitet på Kulturkammeret for barn og familie. Kulturkammeret er den gamle politistasjonen som ligg midt i Arendal sentrum. Politikammeret er omgjort til ei mangfoldig kulturarena med mange ulike rom som egner seg til ymse aktivitetar.  

Her vil det bli leik og dans i Hjertekammeret, leia av danseleiarar frå heile Norden, og det blir instrumentverkstad i Klangkammeret med påfølgande øving i Bøljebandet. Barnerommet vil vere ope for dei som ikkje er så interessert i aktivitetane, og NORDLEKs handverkkurs som er opne for både barn og vaksne vil og vere i huset.  

Bøljeband

Trur du ungane vil ha lyst til å spele til dans?  

Alle som kan speler instrument kan hente ut note og lydfil her: [lenke kjem snart]

Om de har tid og mulighet til å øve før de reiser til Arendal, så er det flott. Om ikkje kan de få bli med likevel. Her er det muleg med lausstrengkomp eller andre alternative tilnærmingar til musikken.  

Spelar ikkje barnet ditt instrument til vanleg, men har likevel lyst til å spele til dans, så får dei lage artige rytmeinstrument på torsdag. Seinare får dei bli med i Bøljebandet som i praksis vil bli eit juniorspelmannslag med utvida rytmeseksjon og vaksen musikalsk støtte.  

Program fredag

Hjertekammeret

10 – 11 Suomi dans og lek
11 – 12 Svensk dans og lek  
13 – 14 Teaterlek og impro med Trine Sjølyst
14 – 15 Lynkurs før barneleikfest
16- 18 Barneleikfest

Klangkammeret

14 – 15.30: Bøljebandøving