NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!
Arrangement

Langkurs: Søm og redesign

13.7.24
15.7.24
9:00
16:30
Beklagar, vi fann ingen programpostar basert på søket ditt. Sjå heile programmet
Programpostar
Dette arrangementet er inkludert i festivalpasset 🥳

Søm- og redesignkurs med Gro Ebbestad.

Bli med på eit kreativt kurs kvar du får designe og sy eigne produkt av gjenbruksmaterialer!

Redesign beytr å skape noko nytt av noko brukt. Vi tek utgangspunkt i brukte klær, gardiner og liknanda og brukar dette til å designe nye produkt. Du kjem til å lære korleis du skal bruke ei symaskin, og å sy detaljar som glidelåse, lommer og hanker.

Kurset startar med at deltakarane skal så ei enkel veske/toalettmappe, slik at du får ei innføring i søm. De kan og ta med plagg sjølv som de ønskjer å sy om til noko nytt, eller endre utsjåande på ved å endre detaljer.

Kurstider:
Laurdag kl. 09.00-16.30
Sundag kl. 09.00-13.00
Måndag kl. 09.00-16.30

Om instruktøren:

Gro er lektor i forgiving, kunst og handverk og har lang erfaring på feltet.  Ho har vore lærar i tekstil å OsloMet i 21 år, i tillegg til å ha undervist på vidargåande skule på linja Kunst, design og arkitetktur. No er ho aktiv i fleire husflislag med sykurs, og brenn for å lære bort søm til alle som ønskjer å lære meir.

No items found.