NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!
Arrangement

Kurs: Bygdedansar frå Agder

15.7.24
15.7.24
10:00
18:00
Klangkammeret
Beklagar, vi fann ingen programpostar basert på søket ditt. Sjå heile programmet
Programpostar
Dette arrangementet er inkludert i festivalpasset 🥳
200
 NOK
MED pass
300
 NOK
UTAN pass

Lær deg springarar og gangarar frå Agder.

Olaf Moen, Lisa Haugeland, Kjell Nomeland og June Salte Thorsen lærar deg det du treng å kunne om nokre av bygdedansane frå Agder. Herman Gautefald og Espen Aasbø er med som spelemann.  

Det blir mykje dans, så ein kan velge å ikkje delta på alle om det blir for mykje.

Timeplan for dansane:  

Kl 10.00 – 12-00: Springedans frå Fjotland med Lisa og Olaf  

Kl 12.30 – 14.30: Setesdalsgangar med Kjell og June

Kl 15.00 - 18.00: Springdans frå Gjerstad med Olaf og Lisa  

Har du ikkje festivalpass eller dagspass for denne dagen må du kjøpe billett "UTAN pass".