NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!
Arrangement

Heng-på: Sverige

19.7.24
19.7.24
23:00
23:59
Lille Torungen
Beklagar, vi fann ingen programpostar basert på søket ditt. Sjå heile programmet
Programpostar
Dette arrangementet er inkludert i festivalpasset 🥳
 NOK
MED pass
 NOK
UTAN pass

Prøv deg på svenske dansar du kanskje ikkje kan frå før, og heng på!

Har du hatt lyst til å slenge deg med i ein dans du ikkje kan frå før? Usikker på kven du burde sjå på? Kom på Heng-på-dans!

Heng-på-dans er eit konsept ganske likt fridans, med den skilnaden at eitt eller fleire par som kan dansane godt har på seg tydelege vester eller t-skjorter. Desse dansarane er på dansegolvet heile tida, så du kan henge deg på og herme så mykje (eller lite som du berre vil).

Denne økta blir det svenske slängpolskor.

Har du ikkje festivalpass eller dagspass for denne dagen må du kjøpe billett "UTAN pass".