NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!
Arrangement

Konsert: Storm Weather Shanty Choir

18.7.24
18.7.24
20:00
21:30
Beklagar, vi fann ingen programpostar basert på søket ditt. Sjå heile programmet
Programpostar
Dette arrangementet er inkludert i festivalpasset 🥳

Konsert med eit av verdas råaste shanty-kor!

Storm Weather Shanty Choir har i over 20 år reist verda rundt med den rå sjantisongen sin, og gitt ut seks album som har blitt strøyma meir enn 3 millionar gonger.

Forsongar og sjantimann Haakon Vatle stifta koret etter å ha seilt med fullriggaren «Statsraad Lehmkuhl» og lært sjantisongen ute på dei sju hav.

Haakon Steinar Vatle
Sjømann og sjantimann med mastergrad i sjantisong og sterk lidenskap for maritim historie og kultur. Forsongar og gitar.

Ronny Sætre
Lærar, dykkar, songar og triangel-mester.

Rune Nesse
Trommeslagar og tromme-lærar med sterk lidenskap for metal-musikk.

Vidar Vedå
Ingeniør, singer/songwriter og menneskeleg karaoke-maskin.

Roald Kaldestad
Gitarist og barnebokforfattar med ein bachelor i kunsthistorie.

Gisle Østrem
IKT-sjef i Stord kommune, studio-eigar, lydingeniør, bassist og stor Beatles-fan.