NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!
Arrangement

Kunnskap i Farta

19.7.24
19.7.24
14:30
16:00
Beklagar, vi fann ingen programpostar basert på søket ditt. Sjå heile programmet
Programpostar
Dette arrangementet er inkludert i festivalpasset 🥳
 NOK
MED pass
 NOK
UTAN pass

Del med verda det du kan! Korte foredrag på maks 10 min.

Kunnskap i farta er eit artig lite innslag på NORDLEK kor kven som helst kan få opptil 10 minutt til å fortelje om noko dei kan, noko dei er glad, noko dei elskar å nerde på, eller noko dei syns andre burde vite meir om. Kanskje får me lære korleis ein datamaskin eigentleg fungerar? Eller kanskje kva skilnaden mellom gamalstev og nystev er? Eller kvifor hardingfela har så mange strengar?

Sleng deg med på scena, eller set deg ned i amfiet for å høyre og lære noko nytt!

  1. Arendal på tre minutt v/Jan Kløvstad
  2. Kva er Nordlek? v/Urban Lind, Leiar i Nordlek
  3. Noregs Ungdomslag v/Torbjørn B. Lauen, Leiar i NU
  4. Ein 16-åring på NORDLEK i Stockholm i 1927 v/Osmund Fiskaa
  5. Uthavna Merdø – eit viktig kulturmiljø v/Hilde Austarheim
  6. Bunad v/Målfrid Grimstvedt, Leiar i Norsk folkedraktforum
  7. Menuetten då och nu v/Eivor Wallinvirta
  8. Setesdal på UNESCO-lista v/Astri Rysstad, Leiar i Setesdal Spelemannslag
  9. Setesdalsbryllaup 20. juli v/Astri Rysstad
  10. Grønland v/Jan Kløvstad
  11. Grønlandsk nasjonaldrakt v/Ane Berthelsen
  12. Grønlands trommedans på UNESCO-lista v/Ane Berthelsen
  13. Skogfinnane i Noreg v/Rune Bjerke, Leiar i Skogfinneforeininga
  14. Finlandsvensk folkdans, folkkultur och dialekter v/Lisa Södergård
  15. Færøyane v/Jan Kløvstad
  16. Færøysk dans i ubroten tadisjon frå mellomalderen v/Rasmus A. Joensen
  17. Færøysk økonomi - bygd på fiskeri og lakseoppdrett v/Trygvi Samuelsen
  18. "Sundhedsvæsenet" på Færøyane v/Kathrina Hansen
  19. Færøyingar forstår dei fleste i Norden v/Rasmus A. Joensen
  20. Åland v/Berit Lindholm
  21. Grundtvig og ungdomslaga v/Jakob Bjerkem
  22. Kaffikoppens kulturelle kraft v/Nils Seland
  23. "Remembering a dream of Telespringar" v/Carol Sersland
  24. Landslova 750 år v/Johan Einar Bjerkem
  25. Island v/Atli Freyr Hjaltason
  26. Velkomen til ISLEK 2025
  27. Velkomen til BARNLEK 2026 Raseborg i Finland
  28. Velkomen til NORDLEK 2027 i Danmark

Har du ikkje festivalpass eller dagspass for denne dagen må du kjøpe billett "UTAN pass".