NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!
Arrangement

Langkurs: Bli ein betre dansar

13.7.24
15.7.24
9:00
16:30
Beklagar, vi fann ingen programpostar basert på søket ditt. Sjå heile programmet
Programpostar
Dette arrangementet er inkludert i festivalpasset 🥳

Dansekurs med Audun Grüner-Hegge.

På dette kurset skal du få arbeide med  øvingar og dugleiker som gjer deg til ein betre dansar. Kurset er for unge, men røynde dansarar som er interesserte i å utforske korleis tradisjonsdansen kan verte di eigen. Målet er å gje deg verktøy som gjer deg istand til å bli trygg til å leike med dansen, partnar og musikk.

Gjennom kurset vil vi nytte ulike dansar som turdans, runddans og bygdedans hovudsakleg frå Noreg.

Kurstider:
Laurdag kl. 09.00-16.30
Sundag kl. 09.00-13.00
Måndag kl. 09.00-16.30

Om instruktøren:

Audun er ein aktiv folkedansar frå Oslo, med lang instruksjonserfaring som strekk seg gjennom både, Noreg, Skandinavia, Europa og USA. Han har jobbe spesielt mykje med unge dansarar og deira jakt på sin eigen plass i tradisjonsdansen. Dette fokuset har fulgt han gjennom eigen utforsiking av mange ulike dansetradisjonar og resultert i ei brei portefølje med skandinaviske folkedansar.

No items found.