NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!
Arrangement

Go' kar-tevling

19.7.24
19.7.24
11:00
12:00
Beklagar, vi fann ingen programpostar basert på søket ditt. Sjå heile programmet
Programpostar
Dette arrangementet er inkludert i festivalpasset 🥳
 NOK
MED pass
 NOK
UTAN pass

Kven er best i å tre nåla, sparke hatten, strekke kalvskinnet eller danse slinkombas?

Go'kar-tevling (go' kar er dialekt for god/sprek/flink kar) er ei uformell, men prestisjetung, tevling for go'karar og go'kvinner i alle aldre. Det vert både premierte og uformelle tevlingar. Konferansier er Audun Grüner-Hegge

Deltaking:

Tevlinga har begrensa tid, og deltakarar i "Skinkompasse" og "hattespark" må difor registrere seg for å kunne delta i dei premierte tevlingane. Det vil verte begrensa kor mange som kan delta her, og for å sikre plass kan du t.d. forhandsmelde deg her: https://forms.gle/rthvZPCGXuFXaBk19

Øvingar:

Til oppvarming og "utpsyking" av motstandere:

  • "Strekke kalveskinn"
  • "Tre nåla"
  • Fritt gulv (stå på henda, slå salto, hoppe gjennom foten)

Premierte tevlingar:

  • Skinkompas (Finland)
  • Hattespark (Noreg)

Premiene vert gitt for å trekke til seg det beste Arendal har å by på denne uka, og har følgende trinn:

1.plass: 2500 kr

2.plass: 1500 kr

3.plass: 1000 kr

Regler:

Skinkompasse:

Øvelsen er ein test på koordinasjon, rytme, og utholdenhet, der ein dansar over eit kors av sverd, pinner eller band uten å miste rytmen eller balansen. Her er det tillatt å komme i kontakt med bandene, så lenge ein ikkje mister steget eller rytmen, og holder seg inne med musiken, og sitt eget kors.

Her kan du sjå døme frå ein annan tevling i Skinkompasse:

https://www.facebook.com/watch/?v=7080844348689934

Hattespark:

Øvelsen er tradisjonelt "kjent som hallingkast" eller "rundkast" på norsk, og inneber å sparke ein hatt av ein stokk fra størst mulig høgde. Nokre gonger vert det óg vurdert for stilpoeng, men denne gang opner tevlinga for alternative teknikkar frå dei nordiske landa, og premierer difor berre den absolutte høgda (ikkje relativ høgde). Eit kast/spark må gjerast aleine, med eigen kropp og kraft og treffe hatten så høgt som mogleg med ein fot.

Her kan du sjå eit tradisjonelt norsk hallingkast- om du vil prøve den teknikken:

https://www.youtube.com/watch?v=9ollNmWvlhI

Har du ikkje festivalpass eller dagspass for denne dagen må du kjøpe billett "UTAN pass".