NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!
Arrangement

Langkurs: Musikal

13.7.24
15.7.24
9:00
16:30
Beklagar, vi fann ingen programpostar basert på søket ditt. Sjå heile programmet
Programpostar
Dette arrangementet er inkludert i festivalpasset 🥳

Musikalkurs med Kari Wist Holmen.

Musikal er den ypparste formen for scenekunst! Her kombinerer vi disiplinene teater, song og dans. I musikalkurset tek vi for oss kjente songar frå musikalverda, jobbar med koreografi og songteknikk og bygger vår eigen historie rundt songene. Kurset byr på høgt tempo, hardt arbeid, ny kunnskap og masse moro.

Deltakarane får tilsendt lydfiler og tekster før kurset slik at de kan gjøre seg kjent med materialet vi skal jobbe med.

Kurstider:
Laurdag kl. 09.00-16.30
Sundag kl. 09.00-13.00
Måndag kl. 09.00-16.30

Om instruktøren:

Kari jobbar som skodespelar, regissør og pedagog i sitt eige teaterproduksjonsfirma Holmen/Hjertaas AS og i det frie scenekunstfeltet. I tillegg tek ho ein master i Drama og Teater ved NTNU. Kari arbeider mykje i den kulturelle skulesekken, dubber for NRK Super, gjer oppdrag for Musikalfabrikken i Trondheim og andre amatørteatergrupper, held teaterkurs rundt om i landet og lagar eigne førestillingar.

Kari synes det artigaste i verda er å leike og brukar dette som tilnærming til alt teaterarbeid.

Det siste året har Kari mellom anna vore regissør for musikalane Annie, Kråkeslottet, Tornerose, Shrek og High School Musikal.

No items found.