NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!
Arrangement

Framsyning for barn: Platt planet

18.7.24
18.7.24
12:00
13:00
Lille Torungen
Beklagar, vi fann ingen programpostar basert på søket ditt. Sjå heile programmet
Programpostar
Dette arrangementet er inkludert i festivalpasset 🥳
150
 NOK
MED pass
250
 NOK
UTAN pass

Framsyning retta spesielt mot for barn.

Kvar morgon klatra innbyggjarane på den flate planeten opp på hustaka sine og såg regnbogen glitra over fjellet når sola stod opp i aust. Resten av dagen gjorde alle akkurat det dei likte best og gledde seg til kveldens festmåltid. Heilt til ein dag, då alt begynte å forandre seg.

I Platt planet tar gjerrigskap og arroganse overhand og skapar splid i eit lite samfunn og fører til ein øydeleggjande katastrofe. Duoen Alvina & Gard fortel og speler ei førestillinga som handlar om korleis tilliten vår blir utfordra når vi handlar i strid med det vi ser, og om vi kan gjenskapa tilliten.  

Alvina Herbinger Rygne har røtene sine i den svenske folkemusikken og er riksspelman frå Närke. Gard Nergaard er ein musikalsk nomade som gjerne går over bekken etter inspirasjon, men han har ein solid grunn i heimtradisjonen i Vest-Agder.

Har du ikkje festivalpass eller dagspass for denne dagen må du kjøpe billett "UTAN pass".