NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!
Arrangement

Konsert: Spel nordisk III

18.7.24
18.7.24
14:00
15:00
Lille Torungen
Beklagar, vi fann ingen programpostar basert på søket ditt. Sjå heile programmet
Programpostar
Dette arrangementet er inkludert i festivalpasset 🥳
150
 NOK
MED pass
250
 NOK
UTAN pass

Konsert med profesjonelle og talent i samspel med kvarandre.‍

Konserten byr på ein herleg miks av ung nordisk energi og myke tonar. Utøvarane uttrykker seg alle gjennom dansen, men dei har også ei rekke instrument som skal få spele ei viktig rolle. Dette er ein konsert der den norske langeleiken mellom anna møter den danske harmonikaen (eller trekkspelet, som vi likar å kalle det i Noreg), og vi lover dykk ein mangfaldig og vakker konsert med song, spel og dans.  

Utøvarar: Ingeborg Onstad, Vilde Westeng, Jesper Sand Nielsen, Ingrid Utter, Åsne Nylund og Asbjørn Melvej Nielsen.

Mentorar: Floating Sofa Quartet

Les meir om SPEL NORDISK her.

Har du ikkje festivalpass eller dagspass for denne dagen må du kjøpe billett "UTAN pass".