NYTT! Dato for når prisane aukar er flytta frå 1. mars til 1. april!
Arrangement

Instruktør- og spelmannsamling

16.7.24
16.7.24
11:00
16:00
Beklagar, vi fann ingen programpostar basert på søket ditt. Sjå heile programmet
Programpostar
Dette arrangementet er inkludert i festivalpasset 🥳

Tema: Ril og engelska i Norden

Eit seminar for kompetanseheving og formidling.

Førebels program:

11.00: Velkomen og presentasjon av deltakarar og arrangørane av NORDLEK 2024.

11.30: Konsept og omgrep på NORDLEK 2024.

12.00: Dans: Ril og engelska i Norden m/Marianne Dahl

12.00: Musikk: Rilmusikken i Norden m/Ånon Egeland

13.00: Lønsj

14.00: Formidlingsteknikkar i praksis; Leia dans og «heng-på-dans». Kva er skilnaden, og korleis leie dans blandt folk som ikkje kan danse? Dans til innsamla materiale frå kysten i Noreg, Sverige, Danmark og Finland. Dans: Marianne Dahl; musikk: Floating Sofa Quartet

15.00: Musikalsk foredrag om musikken brukt i tingingsverket «Kystnært» v/Guro Kvifte Nesheim og Floating Sofa Quartet. Prosjektet er eit djupdykk i felles musikalske tradisjonar, med eit mål om å ta vare på tradisjonen samtidig som den blir fornya.

16.00: Slutt